Side:Fylgjesvennen.djvu/11

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ein ottast fyre at faa Namn av „Hengjehovud“ og verda utskriken som ein av „dei vakte“. Hermed vere det inkje sagt, at ein alltid framfyre Born av denne Verdi skal preika Kristum i Ord. Naar ein merkar, at Gudsordet er spillt paa deim, at det berre vilde øsa deim meir upp til Traass og Spott imot Gud, so skal ein tegja seg. Det er detta, Frelsaren kallar „at kasta Perlor fyre Svin,“[1] som me inkje maa gjera. Men me maa paa same Tid vel agta oss fyre at bruka dette Ord av Frelsaren til at orsaka og løyna vaar Leta med og vaar Ulyst til at vedkjenna oss Jesum. Det gjeld her som alltid at fara aat med Apostel-Klokskap, at vera „kloke som Ormar og meinlause som Duvor,“[2] at vera alt fyre alle, so ein iminsto kunde frelsa sume.[3]

Og so var det det at vitna um Gud i Gjerd. At vitna um Gud i Gjerd, det er det same som at laga all Gjerdi si soleides, at kvar ein, som ser paa henne, lyt segja, „han der er ein rett Kristen.“ Naar ein Tjuv stel, og Folk standa og sjaa paa det, so er detta, at han stel, det same som at vitna um seg sjølv fyre deim, som skoda paa: „eg er ein Tjuv!“ Likeins og med ein Kristen, all hans Gjerd lyt vera eit Vitnesmaal um, at han er ein Kristen fyre deim, som sjaa paa. Og denne Vitning i Gjerd, ho skal syna seg i, at du alltid gjerer Skylda di og arbeider trutt, anten du so er Husbond elder Tenestegut, for inkje nokot Arbeid er laakt, naar det verd gjort i Jesu Namn. Og so skal ho syna seg i, at du er snild med Kona og Born, at du heve Umsut

  1. Mt. 7, 6;
  2. Mt. 10, 16.
  3. 1 Kor. 9, 22.