Side:Frelsaren.djvu/9

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


dingi til andre Artikelen. Og dette at han var ſann Gud og ſann Mann, ſynte han gjenom heile ſitt Liv hernede. Han lækte ulækjande ſjuke, han uppvekkte daude, han vardt forklaarad paa Berget, han gjekk paa Sjoen, han ſtilte Vinden, han gjorde uteljande Underverk, han hadde Magt og kalla fram heile Englaheren — kven annan kunde gjera detta enn ſann Gud? Og han var ſann Mann. Han var Kjøt og Blod, han aat og drakk, han gret og bad, han leid og ſtridde ſom alle andre Mannaborn — kven annan kunde detta enn ſann Mann? So vardt daa denne Kriſtus, Herren, ſom Engelen kunngjerer oſs i Dag, vaar dyre Frelſarmann fraa Synd og fraa Daude og Satans Rike. Korleides vardt han no detta, og kvat var det, me maatte krevja av ein, ſom ſkulde vera Frelſarmann fyre oſs? Jau me maatte krevja tri Ting: han laut lida, han laut læra, han laut ſigra.

Han laut lida. Ja for annars kunde han inkje frelſa oſs. Paa Syndi fylgjer Straff, og me hava alle ſyndat. So laut han daa lida denne Straff, ſom er Dauden. Heve han daa lidet Dauden? Ja myket meir. Han heve lidet fyre vaar Skuld, alt fraa han ſaug det fyrſte Andadraget i Krubba i Betlehem-Stallen. Han vardt forfylgt og etterleitat alt ſom Sogbarn, ſo Foreldri laut fly med honom til Ægypti Land. Daa han vardt vakſen, vardt han paaſett baade av Djevel og Mann. Djevelen freiſtad honom i Øydemarki og vilde hava honom til at ſvika ſi Frelſarærend og ſelja Mannaætti til ſeg fyre Gods og Gull. Mannen freiſtad