Side:Frelsaren.djvu/8

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


gelegt fyre Mannen at treda fram fyre Gud i Syndaklædnaden ſin, ſom det er fyre Jordi at lyfta ſeg til Himmels, ſom det er fyre kvart at verda kvitt. Gud er den heilage og reine, han toler inkje annat enn heilagt og reint i Nærleiken ſin. Korleides ſkal me daa kunna verda frelſte, korleides ſkal me kunna verda heilage og reine, naar me inkje duga til detta ſjølve? „Otteſt inkje, ſjaa eg kunngjerer dykker ei ſtor Gleda, ſom ſkal vera fyre alt Folket, for i Dag er det i Davids Stad født dykker ein Frelſar.“ Me hava ſoleides funnet ein Frelſarmann, ſom vil taka paa ſeg alle Synderna vaare, ſona fyre deim og ſo gjera oſs heilage og reine. Men kvat kann detta vera for ein Mann, ſom ſtend ſo høgt, at hans Soning kann vera fullgod fyre heile Mannaætti? Han lyt fulla vera Mann, for annars kunde han inkje ſona fyre Mannaborn, men han lyt og vera meir enn Mann, for annars kunde han inkje ſona fyre alle Mannaborn. Kven er han daa denne Frelſar? Han er „Kriſtus, Herren,“ ſegjer Tekſti oſs. Kriſtus er det ſame, ſom paa Jødamaalet heitte Mesſias, han ſom var lovad Jødarne ved Abraham, han ſom var lovad alle Folk ved Adam, daa det vardt ſagt, at Kvendeavkoma ſkulde kraſa Hovudet paa Ormen. Denne Mesſias verd alt i den gamle Pakti kallad Guds Son. „Du er min Son, eg fødde deg i Dag,“ let David Gud Fader ſegja til honom i den andre Salmen. Han er ſoleides Herren, Herren yver Himmel, Herren yver Jord, Herren yver Liv, Herren yver Daude, Guds Einberning. han er ſann Gud og ſann Mann, ſom Luther ſegjer i Ty-