Side:Frelsaren.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

som det er, og dei tie Guds Bodord standa der som Domen yver oss. Og um me aldri so lenge og aldri so vel hadee sett oss inkje at synda meir, so laut me sidstpaa segja med St. Paulus: „det gode, som eg vil, gjerer eg inkje, men det vonde, som eg inkje vil, det gjerer eg[1].“ Naar so Boki kjem til og stadfester denne Røynsla vaar, so hava me inkje nokot meir at leggja imot, so lyt me berre vera med paa og underskriva denne Domen yver oss: „sannelega, det bid inkje ein rettferdig Mann paa Jordi, som gjerer godt og inkje syndar.“[2] Og so fortel Boki oss, at denne synduge Hug hava ma ervt fraa Foreldri vaare og desse atter fraa sine Foreldre og soleides uppigjenom Ætterna likatil det fyrste Mannahjonet, Adam og Eva. „Ved eit Menne er Syndi innkomi i Verdi og ved Syndi Dauden, og soleides kom Dauden til alle Menne, i di alle syndad.“[3] Og David segjer: „sjaa i Misgjerning er eg fødd, og i Synd heve Moder mi fenget meg.“[4] So er det daa inkje mogelegt fyre oss at frelsa oss sjølve, naar med er dømde synduge radt fraa Moderliv av. Og naar det no til denne Ervesynd kjem alle dei openberre Synder, eg heve gjort gjenom heile mitt Liv, so verd galet verre. Eg merkar, eg støyter mod Guds Logbok kvar Dag paa ein elder annan Maate, og det er skrivet: „forbannad vere kvar den, som inkje held seg til alt det, som skrivet er i Logboki, so at han det gjerer.“[5] So er daa kvart Mannaliv paa Jordi forbannat likafraa Fødsla av, soframt det inkje finst Frelse paa eikor Vis. Det er likso umo-

  1. Rom. 7, 19;
  2. Præd. 7, 20;
  3. Rom. 5, 12.
  4. Salm. 51, 7.
  5. Gal.