som Mannatanken hadde myrkt Sanningi med, og Dagen vardt kveikt, so dei kunde sjaa, kvar dei var alle desse, som gjekk og staakad i Myrkret. Og korleides tok daa Mannaætti mot Ljoset? korleides fagnad dei sin Frelsar? Jau sume vardt reint som blinde og gjøymde seg som Adam millom Trei i Hagen, sume gjekk glade med Hyrdingarne til Krubba og lovad og takkad Gud, og sume snudde seg burt i Traass, vilde inkje kannast ved dette Ljoset, som inkje var deira eiget, og som gjorde alle deira Hjartatankar openberre. Og du og eg — kvart er so me gjengne? Me veit, at Herodes leitad etter Barnet, for han vilde drepa det. Hava no du og eg ogso lyft Sverdet og vil slaa i Hel Jesubarnet, vaar Herre og Frelsar? Kom, kom, lat oss ganga i denne Stund til Stallen i Betlehem og stira inn i det velsignade Andlit, som ligg i Krubba, og tenkja paa, kvat det er me eiga i denne Frelsar, og korleides me kann faa Lut i den Gleda, som skal vera fyre alt Folket. Guds eigen Heilade-Ande blaase Liv i Ordet, at det maatte vera eit sant Guds Ord, som kunde festa Rot i Hjartat!
Me trenga alle um ein Frelsar, det lyt me no fyrst og fremst tenkja paa. „Alle hava syndat og det skortar deim Guds Æra,“ segjer Bibelboki.[1] Og um Boki aldri sagde det, so laut me ganga ved det, kor som var, at me er synduge. me kjenna det altfor vel i oss sjølve, korleides Syndi heve Magt yver oss baade i Ord og Gjerd og Tankar. Samvitet klagar oss rett
- ↑ Rom. 3, 23.