Side:Frelsaren.djvu/5

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Me hadde soleides Orsak til at ottast, me hadde Orsak til at vera uglade, fyrr Frelsaren kom, alle saman; men fraa den Dagen, at Engelen steig ned til Jordi med den Bod, at no var Frelsaren fødd, fraa den Dagen hava me Orsak til at vera glade, og det storlega glade. Denne Dagen, Joladagen, som me kalla honom, stend soleides som Merkedagen fyre heile Mannaætti. Kring honom sviv heile Mannaheimen som Stjernorna kring Soli. Fyrr Himmelljoset var kveikt i Stallen i Betlehem, sveiv heile Verdi i Myrkr. Mannatankarne ragad som drukne Mannen og trivlad seg fram som gjenom ei myrk Gong og vilde finna fram til Ljoset, men dei fann det inkje. Dei visste, det galdt um at finna Ljoset, men dei fann inkje Ljoset. Og Ætt paa Ætt gjekk i Gravi, den eine steig upp paa Akslerna til hi og kagad som Sjomannen etter Land men saag inkje meir enn det store, tome Rom. Heidningarne kveikte seg Ljos med sine eigne Tankar og skapte seg Gudebilæte, som dei tilbad med dette Ljos, men Ljoset slokknad det eine etter det andre, og Budebilæti ramlad ned og slo seg sjølve isund. Berre Jødafolket sat fyrt og ventad, liksom Mannen, som stirer mot Aust etter Dagen, naar han er faren vill paa Viddi. Gud hadde sjølv snutt Augo deira paa rette Leid, so sat dei og stirte paa Voni i mange, mange hundrad Aar, men dei saag inkje Ljoset. Daa let Engelrøysti: „ottest inkje! for i Dag er det i Davids Stad født dykker ein Frelsar, som er Kristus, Herren;“ og som Eldingen kløyver Skyi og gjerer Natt til Dag, soleides vardt dei kløyvde alle dei Skyerna,