Side:Frelsaren.djvu/10

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

honom, kvar han ellest gjekk og vilde hava honom til at svika si Frelsarærend ved at ganga undan si Liding og sin Daude og byta Herskarstolen i Himmelen med Herskarstolen paa Jordi. Han band Frelselæra si til alt Folket, og alt Folket mistydde henne. Dei skrivtkloke og store snudde seg burt, og vilde inkje høyra henne, og dei ringe og fatige høyrde henne men vilde inkje skyna henne. Han var kringsett av tri Slag Folk. Farisæarne og dei srkivtkloge hatad og forfylgde honom, Folkahopen krossfeste honom, Vinerne sveik og rømde fraa honom. Eine Luten laut han kalla Ormungar,[1] andre Luten arme Blindingar, den beste Læresveinen sin laut han kalla ein Satan.[2] Var inkje detta at lida?

Og so visste han alt fyreaat likafraa det fyrste Upphavet. Naar Folket foor etter honom og vilde gjera honom til Konge og helsad honom med Fagnadrop: „velsignad vere den, som kjem i Herrens Namn, Hosianna i Høgdi!“[3] so visste han, at denne same Folkahopen nokre Dagar etter vilde ropa: „krossfest honom! krossfest honom!“ Naar Læresveinarne hans sagde for vist, at um alle sveik honom, so skulde dei fulla inkje gjera det, — so visste han, at den beste vilde negta honom, dei andre røma fraa honom. Naar han laag og stridde og bad i Getsemane Hagen, so Sveittedroparne vardt som Blod, som draup til Marki, so visste han, at det nyttad inkje Bøni, so visste han, at han laut tøma Bikaren til Botnar. Er inkje detta Liding?

So kjem den sidste tunge Ferdi. Judas svik

  1. Math. 23, 33;
  2. Math. 16, 23.
  3. Math. 21, 9.