Side:Frelsaren.djvu/11

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

honom, og han kysser Judas. Han som var Frelsar fyre heile Mannaætti og berre av fri Kjræleike var komen til Jordi, han verd slæpt fyre menneskjeleg Domstol, og dømt som den verste Brotsmann. Røvaren Barrabas verd tillyst at vera betre enn Guds Son. Han verd hudslengd og sputtat paa og lætt aat og so slæpt til Golgata og krossfest millom tvo Røvarar. Mannahopen stend ved Foten av Krossen og rister paa Hovudet aat honom. Men Gudskelov, han hadde daa Gud og Faderen atter denne Frelsarmannen — nei han kjenner seg sviken ogso av Gud. „Min Gud, min Gud, kvi heve du gjenget fra meg?“ styn han paa Krossen, og soleides heng han der millom Himmel og Jord, burtstøytt av Jordi, burtstøytt av Himmelen. For ei Rædslestund, for ei Liding, som inkje Mannatanken kann sjaa Botn i! Og alt detta gjorde han fyre vaar Skuld. „Kristus kaupte oss frie fraa Forbanningi av Logi, daa han vardt ei Forbanning fyre oss, di at det er skrivet: „forbannad er kvar den, som heng paa Tre,“ soleides skriv St. Paulus til Galatia-Mennerne.[1] Er det so inkje sant, at han er vorden oss ein dyr Frelsarmann.

Men det var inkje nog, at Kristus, Herren, leid. Han laut og syna, at han var Herre yver Dauden, annars so rakk inkje han helder lenger, enn kvar Mann kunde rekka — til Gravi. Kristus, Herren, laut sigra. Heve han daa sigrat? Me veit, at han stod upp fraa Daude paa tridje Dagen, daa Engelen velte Steinen fraa Gravi, me veit, at han uppfoor til Him-

  1. Gal. 3, 13.