Hopp til innhold

Side:Frelsaren.djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

mels og siter no ved høgre Handi til Faderen. Det var fulla Siger det. So heve daa inkje Dauden Magt til at halda oss helder. Der Herren og Meistren vaar foor i Fyrevegen, der skal me fylgja etter. Gravdyri er opi, Himmeldyri er opi, og han heve Magt til at draga oss fraa Gravi til Himmelen. Likamen vaar skal vel folna som Lanvet og verda til Mold, som han er teken av, men ein Gong skal Luren skrella til Doms, og alle dei daude Likamar skal reisa seg. Steinen er velt fraa Gravi, Dauden er glupt av Sigren, og med forklaarad Hold liksom han skal me møta Herren og Meistaren vaar i Skyi. „Kristus skal umskapa vaar vesalle Likam, som han verd lik med hans Ære-Likam etter den Kraft, som han heve til at leggja alle Ting under seg;[1] for „eg er Uppstandingi og Livet. Den, som trur paa meg, han skal liva, endaa han døyr, og kvar den, som liver og trur paa meg meg, skal i all Æva inkje døya.“[2] So er daa Dauden inkje lenger myrk og skræmeleg, men ljos og lokkande. So er Gravi inkje lenger Porten til Helvite men Porten til Himmelen fyre kvar truande Saal. So kann me no gledja oss i Livet og gledja oss i Dauden og gledja oss i Himmelen, og alt detta berre fyre vaar kjære Frelsar si Skuld. Er han so inkje ein dyr Frelsarmann?

Men det var inkje nog endaa detta, at han leid Dauden fyre oss og opnad Gravi og vardt den sterke Sigrar yver Djevel og Helvite. Korleides skulde alt detta hjelpa oss, naar me inkje kunde faa Lut i denne

  1. Phil. 3, 21.
  2. Joh. 11, 25. 26.