Side:Frelsaren.djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Frelse, som skulde vera fyre alt Folket. Og Ordet er inkje soleides at mistyda, at kvar Mann skal verda sæl, etter at Kristus er komen til Verdi, han vere so gudlaus og sidlans han vera vil. „Gud vil, at alle skulo verda frelste,“[1] men inkje alle vil verda frelste av Gud. Det er ein viss Frelsesveg, og utanfyre den Vegen finst inkje Frelse. Det gjeld soleides um at finne denne Vegen, at verda upplyst um denne Vegen. Soleides laut Kristus, Herren, inkje berre vera Sonar og Sigrar, naar han vilde vera Frelsar, men han laut og vera Lærar. Heve han daa voret Lærar? Ja vel heve han voret det. Solenge han gjekk hernede paa Jordarike lærte han, etter at han var uppstaden, lærte han, etter at han var faren til Himmels, lærte han. Paa Kvitsundagen sende han den Heilage-Ande paa Apostlarne og Næmingarne, so dei vardt uppglødde av himmelsk Visdom og preikad Ordet fyre heile Mannamengdi fyre kvar i hans Tungemaal. So foor dei ut i vida Heimen og lærte, og i Kyrkja, som vardt grunnfest av deim, vardt det lært og verd det lært den Dag i Dag um Frelsesvegen, soleides som Kristus, Herren heve lært det sjølv. Kvat er det so fyre Vilkor Frelsarmannen set fyre oss? kvat er det, han krev av oss, fyrr me kann faa Lov til at fylgja honom paa Sigersferdi hans? Jau det er fyrst, at du lyt segja fraa deg alt ditt eiget, at du trur fullt og fast, at du inkje kann gjera det minste til Sæla di, korkje fraa elder til, men maa taka alt som ei Naadegaava, av Herren; dinæst at du vil tru fullt og fast,

  1. 1 Tim. 2, 4.