Side:Frelsaren.djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

at han, Jesus Kristus, sann Gud og sann Mann, er einaste Frelsar din, som heve kaupt deg med sitt Blod, og so endelega, at du vil fylgja honom etter same Vegen, han gjekk, gjenom Trengsla og Liding til Dauden, men so og gjenom Siger og Sæla til Himmelen. Det høyrest so lett detta, og naar ein veit, at det er einaste Maaten at verda sæl paa, skulde ein tru, at kvar og ein vilde triva etter desse Vilkori med Gleda. Men nei, det er inkje so. „Mange ero kallade, men faae utvalde,“[1] segjer Herren sjølv. Det er so vandt at gjeva upp seg sjølv, me vil so gjerna hava litet vetta Æra med, og det er so vandt at segja ifraa seg alt det, som Hjartat heng ved, det vere godt elder vondt, det vere Kona, Born, Foreldre, Gods elder Æra. So kann det finst dei, som tru seg sterke i Trui, men naar so Trengsla kjem og skal røyna deim, so verda dei rædde og draga seg undan. Aa Mannen er veik! Moldi heng ved oss, me er inkje gode til at lyfta Augo og riva Hjarto lause fraa Jordi, me er tekne av. Ja ein kann fritt segja det, at um inkje Mannen hadde sterke Hjelpesmenner, so stod han inkje i at halda Trui, han hadde fenget. Men ogso detta heve Frelsarmannen vaar dreget Umsut fyre. Han heve gjevet oss sin Daup og sin heilage Nattverd, han heve gjevet oss sitt Ord baade i Munn og Bok, han syner ofta i Livslagnaden vaar, korleides den usynlege Handi hans er med oss og leider oss framigjenom. I alt detta er det so rik ei Trøyst, at naar me berre rett vilde nytta Gaavorna hans og

  1. Math. 20, 16.