Hopp til innhold

Side:Frelsaren.djvu/15

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

hadde Syn fyre, kor uendeleg god og tolug han er mot oss, so skulo me verda sterke og hugheile og inkje ottast korkje Spott elder Naud elder Faare.

Kjære Viner! Kristus er fødd fyre oss, men er han no ogso fødd i oss? Elder med andre Ord: hava no me denne sterke Tru paa honom, som kann bera oss yver Daude og Grav? er det til oss, til deg og til meg, at Engelen segjer: „ottest inkje, sjaa eg kunngjerer dykker ei stor Gleda, for det er i Dag i Davids Stad født dykker ein Frelsar.“ Gud gjeve, eg kund svara det so sant fyre alle. Elska me Kristus, takka me Kristus, fylgja me Kristus? det er Spursmaali, som du i Dag skal svara paa fyre ditt eiget Samvit. Det er Frugterna, som spretta fram av Trui og bløma fyre Verdi, og paa Frugti skal Treet kjennast.

Elskar du Kristus? Veit du ingen Ting so godt at tenkja paa som hans Kjærleike? er du god til at segja ifraa deg, kvat det skulde vera fyre hans Skuld? Naar Foreldre elder Born elder Kona elder Husbond vil freista deg til det, som rangt er, det vere stort elder litet, er du daa god til at segja, som Kristus sagde til Petrus: „vik fraa meg Satan!“[1] Naar dei anten lova deg baade Rikdom og Æra, elder truga deg med Hat og Forfylging, soframt du berre vil segja elder gjera det og det, som inkje er rett, er du so god til at riva deg laus fraa deim og vera trufast mot Herren og Meistren din? Og detta lyt du vera, soframt du vil elska Kristus, som du skal. Og naar dei spea og spotta deg Grannarne dine, og du gjeng som ei onnor Byg-

  1. Math. 16, 28.