Side:Frelsaren.djvu/16

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

darskam, av di du inkje vil vera med paa at drikka og banna og gjera nett som dei gjera, er du daa god til at standa stødt? Det er ingen Ting, som bit seg so inn i Mannen som Spe. Ein kann tola baade Hogg og Slag og Skjemdaord, men at verda lætt aat, det er verre. Og naar Sjukdom og Naud kjem paa, og du misser baade Gods og Born og lyt skilja deg ved alt, som gjorde det hyggelegt i Heimen din, er du daa god til „at vyrda det alt fyre Skarn, so du kunde vinna Kristum?“[1] Detta lyt du gjera, soframt du rett vil elska Kristum? Det kann vera tungt fyre Kjøt og Blod meir enn ein Gong detta, men naar dun tenkjer paa alt det, som Kristus heve lidet og stridt fyre deg, og det av fri Kjærleike utan nokor Naudtorv til, so lyt du vel ganga ved, at det vesle ein Mann kann hava at lida hernede, verd inkjevetta at rekna imot hans Liding fyre vaar Skuld. Og naar du tenkje paa, kor brennande Kristus elskar deg, at han inkje einaste heve kaupt deg med sitt Blod men og fylgjer deg med sin Naade, kvar du gjeng, og styrkjer deg i Møda di og leitar etter deg som Hyrdingen etter Sauden sin, naar han er komen paa Villstig — ja so lyt du nog segja, at den veike Kjærleike, som du kann hava at bjoda honom, kverv burt liksom Dogg fyre Soli, naar han verd liknat i Hop med hans. Me skal soleides inkje tru og meina, at me gjera nokot stort, naar me halda fast paa Herren og Meistren vaar i Trengsla og Naud, tvertum er det berre vaar ringaste Skylda. Og me skal helde aud-

  1. Phil. 3, 8.