Side:Frelsaren.djvu/17

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

mjuke synast, at det er fulla litet at bjoda fram eit Hjarta fullt af Synd og Beilor, men so er det no det einaste og største me hava, og me veit, han er nøgd med det Frelsaren. Kor faae er det inkje, som gjeva Frelsaren Hjartat sitt. naar me lesa, korleides han Gong etter Gond spurde St. Petrus: „Petrus, elskar du med?“[1] og spurde uppatter og uppatter, endaa St. Petrus kvar Gong svarad, at han det gjorde, so maa me av detta kunna skyna, kor laakt det er voret med oss, og kor litet me duga til at elska Frelsaren, som me skulde. At me daa allesaman maatte rett ut av Hjartat beda honom um, at han vilde verma upp Hjartat vaart, som me kunde koma til at elska honom nokot litet meir enn me gjera.

So skal du takka honom. Gjerer du det? Du skal takka honom inkje einaste, naar han sender deg Gleda, men og naar han sender deg Sorg. Det høyrest undarlegt detta, og det er inkje greidt at skyna fyre Borni av denne Verdi. Men ein Kristen skynar det. Han veit, at all Sorg, som verd send, berre er ei kjærleg Refsing, som vekkjer ein og manar til Bøn og Bot og til at vera aarvak. Og han veit, at naar Sorgi verd teki paa rette Maaten, vil ho berre bera Fred og Velsigning med seg. Ein Kristen kann „umskapa Taaredalen til kjelderik Grunn,“ som David so fagert segjer.[2] „Dei som saa med Graat, skulo skjera med Gleda. Graatande gjeng han og ber Saadkornet, som han straar; med Glederop skal han koma heim og bera Kornbondi sine.“[3] Ein Kristenmann er sterkaste Man-

  1. Joh. 21, 15.
  2. Salm. 84, 7;
  3. Salm 125, 5, 6.