Side:Frelsaren.djvu/18

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

nen paa Jordarike. Naar andre er rædde og korkje finna Fred elder Svevn, av di alt gjeng galet fyre deim, so er Kristenmannen logn og hugheil; naar andre reint gjeva seg upp i Orvon og sukka og ropa og riva seg i Haaret, og inkje veit, kvar dei skal søkja Berging ifraa, so er Kristenmannen sterk og glad og kann lova og syngja. Og alt dette kjem seg av di, at Kristenmannen inkje heve bundet seg so fast til nokot her paa Jordi, at det skulde riva honom med seg, um det seig og slokknad. Han heve bygt sitt Hus paa Berget, som er Kristus, han heve lagt Skipet fyre Anker i Himmelhamni. Men naar Kristenmannen er so sterk, at inkje nokot kann vinna paa honom, naar han er so sterk, at han kann vera frihugad og glad, medan alle andre er raadlause og rædde, daa var det vel verdt at vera ein Kristenmann. Men so lyt du elska Kristus, Herren, meir enn alle Ting, og so lyt du takka honom fyre alt, som hender.

Og so var det det tridje, me talad um, det at fylgja honom etter. Var ein viss um, alltid at elska Kristum, som ein skulde, og alltid at takka honom, som ein skulde, so kom det av seg sjølv detta at fylgja honom etter. Men daa me veit, at Mannen er veik og som tidaste gløymer Kjærleiken til Gud fyre Kjærleiken til Verdi, so verd det inkje so beint helder. Korleides ein no skal syna det i eit og alt, at ein fylgjer Kristum etter, det skal eg nærmare utgreida i ei onnor Preika, som eg vil kalla Fylgjesveinen. Her vil eg berre segja, at naar ein rett vil fylgja Jesum etter, maa ein ingen