Side:Frelsaren.djvu/19

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Stad ganga og ingen Ting gjera, som anten strider mot Guds Bodord elder der ein veit, at Kristus inkje kann fylgja med, der ein veit, ein kann taka Skade paa Saali si. No er Mannanaturi so undarleg skapt, at det som ein kann hava Lov til, det kan inkje ein annan, og det som ein hugheilt kann gjera ein Stad, skal ein inkje gjera ein annan Stad. Her gjeld det at fara aat med Apostel-Klokskap og inkje vekkja Forarging hjaa sine veike Brøder. Og framfyre alt gjeld det inkje at vera ein Skrymtar, so ein inje letst retta seg etter alt, som sjuke Hovud og inkje Hjarto kann finna paa, naar ein inkje meiner med det, for daa verd ein som dei gamle Farisæarne. Alt som ein kann taka mot som ei god Gaava av Guds Hand og takka fyre, det kann ein og hugheilt njota, og all Stad, der ein kann bera Gud med seg i Hjartat, der kann ein og frihugad ganga.

So leide du oss daa vaar kjære Frelsarmann fram paa Vegen, som der til ditt Rike, at me kunde vera sannferdelege og reinhugade og taka Krossen upp og fylgja deg etter. Ja kveik i oss den same Eld, som i Apostlarne Kvitsundagen, at Bilætet av deg, som elskad oss meir enn alle Ting, som leid og som døydde fyre vaar Skuld, maatte standa fyre Augat vaart stendigt og mana oss til med Gleda og med lyst Andlit at skrida fram den tronge Vegen, der du foor fyre. Ja lat oss inkje gløyma i Staaket og Strævet hernede, at me er nokot meir enn Mold, at me hava ein udaudled Ande som er ættad fraa Himmelen og som skal venda atter