Side:Frelsaren.djvu/20

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

til den høge Heimstaden sin. Lat oss inkje gløyma, at det kostad Blod og det Blodet av Guds eigen Son, fyrr Himmeldyri kunde verda upplati atter, Himmeldyri, som me hadde læst ihop ved vaar eigen Traass og Ulydugskap. Ja kjære Frelsarmann, verd inkje kjeid og leid av oss, naar me endaa er trege og kalde og utakksame, me som skulde hjartaglade triva Frelsen med baade Hender og lova oss lukkelege kunde me koma til at lida fyre di Skyld. Verd inkje kjeid og leid av oss, men tak oss, som me er, fulle av Synd og Beilor. Di Kaapa av Kjærleike er fulla so stor, at ho kann gjøyma Syndamengdi, og du heve sagt, at du er komen til dei sjuke og inkje til dei heile. So tilgjev oss daa alle vaare Synder fyre ditt dyre Blods Skuld, og tak mot oss, naar me koma, og lat oss saa vera dine Brøder og Syster.

„Daa verd det Jol i Stova,
naar Jesus han er min,
daa kann eg Herren lova,
som gav meg Sonen sin,
daa smiler eg aat Verdi
med hennar Sut og Strid,
eg heiv ein Bror paa Ferdi,
min Frelsar sterk og frid.

Lat Livsens Stormar truga,
eg vyrder deim ei no,
lat Storm og Armod kuga,
i Jesus hev eg Ro,
han held meg traust i Armen
fram gjenom Strid og Haad,
Med Herrens Fred i Barmen
verd alle Vander smaa.“

Amen i Jesu Namn! Amen!

————————