Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/93

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

så langt på vinteren, at ein kunde sleppe all von om meir. Kallan hadde heile tia sagt, at noko vårfiske vart det ikkje; fisken var alt utgoten først i mars. Og han venta nok ikkje lenge då. — — Etter som dei kunde sjå av blada vart det no berre eit lite rek for dei vestraste vær. Ein kunde vel derfor vente å sjå lofotbåtar ut på fjorden kva dag som helst. —

Kjerringane gjekk i slik spenning og venting, at då det ein dagen spurdest at han Ol’ Hansa frå Stranda var heimkomen, måtte ho Sofia i Vika utover og spørre nytt. Og der fekk ho vite mangt, både av det som var vondt og godt. Var det så gale som han Ol’ Hansa let, vart det just ikkje stort å feste på. Så klein vinter hadde ikkje han vore til Lofoten. Og han hadde no rodd fiske i 40 år mest. Åtte han meir enn dei to skitne tiøringane, som han tok opp av pungen og synte fram, hadde han stole det.

No var det vel ikkje fullt så kleint med dei andre fjordingane. Åttringskarane hadde då med eit og anna settet nådd i fisken. Men kva skulde han gjere med ein treroring og eit par smågluntar, når fisken stod fleire miler av land! Og då fisken endeleg ein gong seig oppåt, så han vart inåand’, då vart det ein slik trengsel av båtar og bruk, at det gjekk på livet laust. Den som var så armt mennt som han gjorde best i å halde seg derifrå. — —

Nei, ro lofotfiske no, det skulde ingen gjere.