Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/92

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

opp i syna, og gjekk sin veg. Det var best kvar passa på seg. — —

Noko serleg å utsette på henne hadde ingen. Ho levde sitt eige liv ute på Moa, og sleit visst og streva nokså sårt. Men ho måtte vel ha ein svart flekk på si sjel, sidan ho alltid heldt seg borte frå alle møte og festar. — — —

Så var det ætta si grøne grein, — den yngste Moglunten, han Kristian. Some påstod at der var eit anna to i han. Og når ein mann som han Jonas Jensa kunde seie det, skulde ein vel tru det var så. Det var sant, — han Kristian hadde teke seg godt fram så ung han var. Men han skulde og vere ein gudsforgåen knekt, som det ikkje fanst gudsfrykt eller samvet i. Og då visste ein kor det vilde ende — — — — Han var godt begynnt; ikkje meir enn 18 år og så ha ei gåande fullsett.

Han var nok ikkje tenkt å døy i ungkarstandet som brørne, såg det ut til. Ja for han måtte vel gifte seg med ho Maria. Men han burde ha bore seg åt som kristelegt folk og gjort det før det kom så langt. — —

Han skulde ha fiska så storvegs i vinter. Det var dei som ymta om at han hadde svore seg til hinmannen, som faren. Det var i allfall litt mistenkelegt dette, at han skulde fiske så usturteleg og dei andre mest ingenting få. Det skulde vel stå om at folk slapp frå Lofoten skyldfri, høyrdest det ut til. Og no leid det vel