Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/91

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

lensmannen med seg opp over til gammen. Han Petter Jonsa let dei snu og vende på alt. Ja han viste dei jamvel ei hole, der han hadde maten sin gøymd. Men ikkje så mykje som ein ulldott å sjå. Då lensmannen og karane gjekk stod han attmed gammen og flirte blidt. Han vona dei snart kom att; det var så få som vilde sjå til han. — — —

Sidan vart det aldri gjort noko med han, endå folk var visse på at han levde ikkje av anna enn ran og tjuveri. Men han hadde vel den mannen —som kunde hjelpe seg til å gå fri loven. — — — — Men Guds straffande hand nådde han no ein gong; han vart funnen død ved gammen ein haustdag. Det vart sagt at der låg ein sau ved sida hans. Men Mogluntan’ som fann han, hadde nok det vetet at dei skaffa alt mistenkjelegt av vegen før andre kom til.

Bygda hadde ikkje havt anna skam og skade av Mofolket sidan det kom til fjords, og fekk det heller ikkje.

Etterkvart Mogluntan’ vaks til gav dei seg til å drikke og ture. Og når dei hadde drukke var dei mest farlege å kome nær. Det var så folk måtte røme vegane når dei kom brølande og forbanna seg på, at dei skulde male kvar kjeft i fjorden. Jau, ho hadde rett noko å stå i ho Marte Moa. Det var på ein måte synd i henne. Men prøvde du og snakke med henne om det kors ho laut bere på, såg ho deg kvast