Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/94

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Det var å gjere seg skikkeleg til fant— når ein ikkje var så pågåen og heldig som han Kristian Moa. Dei slo på at han minst hadde tusen krones lott. Og noko måtte han vel ha fiska si’ han tor’ legge i veg med skøyte, og det motorskøyte. — — —

Jau, her vaks rett fram store folk i bygda.

Ho Sofia i Vika vilde ikkje tru sine eigne øyra. Men han Ol’ Hansa forsikra henne om at det var sant nok. Han hadde det frå ingen annan enn han Edvart Larsa; og han måtte vel vite det som skulde vere med på Finnmarka.

Han Kristian Moa hadde endå fått to av brørne med på skøyta. Han Iver Jensa skulde og vere med på Finnmarka. Så Moglunten heldt no rett på å bli ein stor mann. Og det var ju godt å sjå at some kom seg fram i verda. — —

Når han Ol’ Hansa først var komen i pratar-lag, så var han ikkje den som slutta før han var tom. Og denne gongen hadde han så mykje å fortelle.

Der hadde stått eit stort slag i Nybua eit par dagar før han reiste. Slaget var millom han Kristian Moa og han Johan i Vika og galdt den nye verdens-borgeren inni Nordbygda. Han Johan hadde ein dagen gitt seg til å prate høgt om, at han undrast rett på om han Kristian vilde halde bryllaup før ervingen kom. Men då mund’ han ikkje vite ord av før han låg på rygg i golvet, og Moglunten slapp han ikkje, før han