Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/9

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

så måtte han då ha teke fast der idag, når han såg kva ver det var. Han var no ikkje meir enn menneskje han heller, så han reddast for døden. Og det måtte han då vite, at Folla var ikkje å leike seg med ein slik ver-dag.

Det var mange som glytte bort på storfiskaren i Kleiva, han Jonas Jensa. Han hadde vel eit ord her å seie. For Moglunten hadde då rodd med han 3 vintrar på rad. — —

Men han Jonas Jensa sa ingen ting. Han stod der så tett og traust og tilknept. Såg av og til ut gjenom vinduet etter seglvengen, som nærma seg meir og meir. Endeleg datt det ut av han: — Idag e da nok bør så han lika.

Det var mange som kjende seg forarga over dette. Millom dei var Vikaprinsen, søsterson hans Anders i Vika. Og han passa på og fekk kasta inn det spørsmålet, som folk i bygda hadde havt det fælt travelt med utetter somaren: Tenkte han Kristian Moa verkeleg å ro høvesmann til vinteren. Han var då berre ungen å kalle, knapt tørr attom øyra, ikkje 18 år eingong. Kva tenkte han å få til mannskap?

Kva hadde storfiskaren i Kleiva å svare til dette?

Han Jonas Jensa vaks i det same. Sa så roleg og fast: — Da ha kleinar kar rodd båt enn han Krestian Moa. Da e ikkj allti åran så gjer da. — — —

Han Per på Neset trødde kringt og lett