Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/10

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

innom disken. Han var så hjarteleg samd med storfiskaren i Kleiva. Det var neimen ikkje altid alderen som gjorde ein til kar. Some gjekk som dottar heile livet. Det såg ein nok av. Og så var det berre å legge seg til å ete på andre — på handelsmennene og på fattigkassa. — —

Det var stillt i bua ei stund. Mange av kallane kjende så altfor godt kva han Per på Neset sikta til. Og det brann dei heite og harde ord på tunga. Dei kunde godt fortelle han Per kven det var som hadde gjort han til den mannen han var. Når han idag sat her på Neset som konge, så var det dei å takke. Dei hadde bore i han alt dei åtte, alt det dei ut gjenom åra hadde slete på land. — — — — — — — —

Men kallane beit harmen i seg. Det stunda no mot haust og vinter, då det var lite å tene.

Det vart ikkje greitt å kome seg igjenom denne vrange og vanskelege tia utan å trenge til han Per. For kven hadde alltid pengane å bere for seg? — — — — — —

Og igrunnen var han både gild og beinsleg, han Per— når desse riene gjekk over. Og dei pla sjeldan vare så lenge. — — —

Det var i grunnen ikkje anna å le til, dette, at ein Moglunt skulde bli sett fram som ideal for dei! Mogluntan, som bygda til denne dag berre hadde havt skam og skade av! — — —

Det var ju bra at det såg ut til å bli ei grøn grein på det treet. Men Vårherre visste om