Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/8

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Nes-kongen trava att og fram innom disken og let karane vite, at det var då jammen bra det fanst folk, som ikkje rotna heim-i dørene: — — — Men måte med alt. Det var å freiste Vårherre å ta ut i slikt ver. Det kunde aldri vere Moglunten. Og åleine var han vel slett ikkje.

Han Anders som visste alt kunde fortelle, at «glunten» var åleine. Det var nok tanken at ein av brørne, han Sivert skulde vere med sør etter nybåten. Men han hadde nok leika seg vel mykje med flaska på skyttarfesten i hi veka. Og i fylla hadde han reve opp heile høgre handa med eit glasbrot, så han gjekk stor-lemster no.

— Men her var då vel andre mannfolk å få med, meinte Neskongen.

— Ja visst var det så. Men det er ingen som vil gå og by seg fram — i allfall til Mogluntan, lo han Anders i Vika og hivde paa akslene. — Og så vilde vel han Kristian Moa helst vere åleine. Han tenkte vel som så, at her hadde han eit godt høve til å syne kva kar han er. — Han e ikkje så lit ovmodi, den karen. Men Vårherre ha bøygd brattar nakk før, slutta han Anders.

Karane heldt auga med seglet og prata att og fram om kven det munde vere. Det var lite truleg at det var Moglunten. For om han no var komen så langt på nordtur som til Bodø,