Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/89

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Det kom til å passe så akkurat med tia, då ho heldt lag med han Kristian Moa på sputfjorden. Det var forresten noko alle kunde skjøne, at det måtte gå så. Men forgale var det, at ungdomen ikkje skulde kunne vere ilag nokre kveldar, utan å gi seg til å synde på den måten.

Some mente at ein ikkje skulde vere så reint viss på, at Moglunten var faren. Dersom det var så, som ho Elen i Vika vilde ha det til, at ho Maria var komen så langt på veg, då var vel ulykka hendt før Moglunten kom heim.

Kjerringane la ihop og rekna ut, og kunde slett ikkje bli einige.

Ho Maria var gjerne ei av dei som det synte så tidleg på. Ho kunde godt gå til ut på somaren.

Ho Elen i Vika gav seg. For det var ikkje fritt ei og anna røst song i stilla om, at det kunde vere den ein minst skulde tru det til: han Johan.

Nei; det kunde aldri vere han. Det kunde dei fleste gjerne våge hovudet på. Det var då mest avgjort at han skulde ha ho Magnhild i Kleiva. — — — —

Å nei, syndaren var nok den yngste Moglunten. Men ein måtte verkeleg ha lov til å undrast på, at ho Maria skulde falle så lett for han. Att ho var litegrand lettsindig og laus på tråden, det var noko alle kunde sjå. Ho hadde vel i den vegen og litt å slektast på, han Jens på