Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/90

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Bakken hadde vore ein ål i sine unge år. Men at ho skulde vere så lettsindig, at ho med ein gong let seg plukke av ein Moglunt, det hadde mest ingen trudd. Det ein visste om Mofolket skulde såmen ikkje gi lyst til å blande seg inni den ætta. Vårherre einast visste kva opphav dei var av. Ho Marta Moa skulde vere frå vestlandet ein stad; av rik og god bondeætt, sagdest det. Men ho hadde nok kome på galne vegar i ungdoms år, og så var ho vel nøydd til å gifte seg med den første som baud seg. Og den som baud seg var ein halvblods finn ovan frå Ofoten. Ryktet vilde vite, at han havde brukt gann-kunster til å få ho Marta. På annan måte var det ikkje godt å skjøne, at ho, som ein måtte seie var både vakker og flink, slo lag med den raringen.

Det var dei som trudde han hadde forsvore seg til hinmannen, og ikkje tålde folkeferdsel og det fulle dagsens lys. Han var mest ikkje å finne heime. Først han kom til bygda, for tjuge år sidan, bygde han seg ein gamme oppå fjellet. Og der låg han både somar og vintertid. Vinteren fanga han fugl og dyr; men kva gjorde han der oppe somaren? — — — Det hadde aldri kome så mykje sauer bort på fjellet anten før eller seinare. Han skulde vere så snar til å springe han Petter Jonsa at han tok sauen på flòg. — — Ein gongen var nokre karar viss på dei skulde ta han på fersk gjerning, og fekk