Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/88

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

VII.


Det var ein bunø-vinter av dei verste heim-i fjorden. Kjerringane låg i tangfjæra seint og tidleg, og bala og sleit, så det var eit under dei heldt ihop. Men i små ledige stunder heldt dei liv i seg med å undre seg på og prate om alt det forunderlege — og forgale — som hende.

Først dette med ho Maria på Bakken. Ho hadde vore så rar av seg heile vinteren; ho heldt seg mest berre inne. Det var både veker og månar sidan nokon såg henne ute. Ho hadde tannverk og var forkjøld og sjuk, skylda mor hennar, ho Ane på Bakken på, når nokon spurde.

Men til slutt gjekk det opp for folk kva slags tannverk det var; ho laga seg til skulde ha små. Ho var alt langt på veg komen. Ja ho Elen i Vika, som hadde fått set henne ein dagen ho var oppom hos Bakkekjerringa med noko spinning, forsikra, at ho Maria hadde ikkje lang tia att. Det var nok ikkje lenger råd til å skjule skamma, kor mange storforklæde ho enn gjekk i. Jau, det var ein fin tannverk!

Ein trong ikkje vere i tvil om kven faren var.