Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/67

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

kom frå bua. Mørkt og svart var det. Berre så vidt han kunde halde seg på vegen. Men det var nok folk ute og gjekk likevel. Der kom nokon innetter vegen, imot han. Dei trudde seg visst åleine; for dei tala så høgt. Han Kristian stansa opp. Og då han høyrde at det var Vikaprinsen og ho Magnhild i Kleiva, kunde han ikkje halde seg frå å lyde.

Vikaprinsen fortalde sjølvsagt om det nye som var hendt — på sin måte. Han hadde syntest synd i han Kristian Moa at han skulde bli liggande heime med nybåten sin, drivande kar som han var. Anna gjekk ikkje an å seie.

Men det var no ein gong så at folk hadde ikkje større tru og tillit til Mogluntan. Og ein kunde ikkje fortenkje folk i det. Det var berre rimelegt, at når folk sette seg i lofotbåten, så vilde dei sikre seg at der sat ein vaksen og vaken mann ved styret, som kjende ansvar for seg og sine.

Han for sin part hadde ikkje noko serleg å klage på han Kristian; og han hadde alltid prøvt å syne han venskap og hjelpe og retleide han.

Men han var den seinare tid blitt så stor og ovmodig, at han vilde ikkje ta rettleiing av nokon. Han meinte visst å kunne segle all verda attom seg. Det var likt til at han heilt hadde gløymt han var Moglunt.

Det var forresten ikkje slikt som vedkom han. Men han hadde funne det rettast, no når han skulde i rolag med Moglunten, å sikre seg eit