Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/68

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ord med i laget ved å få part i båten. Vart det gale fekk ein sette sjølvrådingen av, lo han Johan.

Ho Magnhild prøvde visst å legge imot, syntest han Kristian høyre. — — — Faren hadde likt han godt, og han brukte ikkje skryte av kven som helst.

Då var han Johan straks ferdig til å stikke i henne, om ho endå gjekk og var forelska i Moglunten.

Ho måtte då visst finne seg i å dele han med ei anna. Dei som låg på fjorden i haust då han Kristian og ho Maria heldt ute, måtte minst tru dei var forlova. Det var ikkje lange stundene millom kvar gongen han var framme hos henne. Dei sat der toft i toft og kosa seg, fortel folk.

Ja, det er dei som vil vite, at dette rolaget skal kome til å syne seg seinare. Er det så, då må ein ha lov til å seie at den yngste Moglunten er god.

Ho tagde ho. Vikaprinsen hadde vel tala overtydande nok. Han Kristian steig i det same fram or mørkret og helsa høgt og hardt. Nevane knytte seg i lomma. Han kunde knapt styre seg; han hadde slik hug til å hamre laust på Vikaprinsen sin syndige kropp; og det såpass dugeleg, at han kunde minnest det lenge frametter.

Men det var ikkje i planen hans, det. Det var best å la spretten renne seg skikkeleg fast.