Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/66

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

trosse både ver og vind, stille og motstraum. Det hadde ifjor, sist på vinteren, vore ei slik skøyte i det været han rodde i. Truleg vart det fleir i år. Visst kom kallan’ til å rase — og protestere; dei begynnte alt med det ifjor. Men det vilde ikkje nytte. — — — — — Han johan i Vika kremta; han syntest det vart lenge å vente på svaret.

Jau, han kunde sakte få part i båten; det var visst ikkje noko i vegen for det, sa han Kristian, kald og roleg. Men det vilde han ha med i kjøpebrevet, at når ein av partane kravde å bli utløyst, skulde hin parthavaren vere nøydd til å gå med på det.

Ja det syntest han Johan i Vika var både godt og greitt. Han smilte feitt og velnøgd. Fullt så lett hadde han ikkje trudd det gjekk. Men Moglunten skjøna vel, at han sat der denne gongen; det var ingen veg for han utanom; han måtte gå med på vilkåret, kor beiskt og tungt det enn måtte kjennast.

Dei skifte nokre få ord om ferda. Tjuend-helga måtte dei vere ferdige til å sleppe laust, om veret var høvelegt, varskudde han Kristian. Så baud han god natt og rusla sin veg, nedover til Neset på krambua. Han var mest glad over det som var gjort. Det vilde bli ein stri vinter. Det kjende han. Men han gledde seg til denne striden.

Han for småplystrande utetter vegen, då han