Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/65

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Men han kunde ha hug til å varsku Vikaprinsen ein gong for alltid om, at det var ikkje alle han greidde å skræme til botsbenken. — — —

Denne gongen skulde han få sin vilje igjenom; han skulde få lov til å triumfere. I denne kvelden kunde han fortelle heile bygda, at han Kristian Moa hadde ikkje set seg råd med å kome til Lofoten, utan at han gav han Johan i Vika part i båten. Heretter kom det vel ikkje til å heite anna enn nyåttringen hans Johan i Vika. Han, Moglunten, var sett ut or spelet. Men det kunde endå ein gong hende, at den som lo sist lo best. Det kunde vere moro å leike seg ein vinter ilag med prinsen, og sjå om han var slik pokkers kar som han gav seg ut for — og folk trudde, tenkte han Kristian. Han kjende kor trossen gjorde han sterk og stor. Og nye syner opna seg for han.

Han var ikkje så serleg fornøgd med nyåttringen, endå han visste det var den beste og mest tidhøvelege båten som fanst i fjorden. Men det var ikkje nok. Det heldt på og renne ei ny tid. Og den som først skipa seg der etter, kom til å gjere det best, og ligge ovanpå i striden. So kunde dei som no hadde bukta og begge endane, stå der og frøse av vanmakt og sinne. — — –

Han Kristian Moa gløymde mest både han Johan og svaret. Han var midt inne i sine store draumar om skøyte, motorskøyte, ei som kunde