Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/42

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

kanskje likna ho ei havfru. Ho hadde kasta tørklædet, håret var losna, og det hang gult og glinsande utover akslene. — Slutt ikkj feskje før mi skjyll; e held nok ut endå ei ti. Da va så morosamt å ligg her å driv. — —

— Ja, men du veit ein skal slutt me leikene best. Å ein skal ro såleis at ein kann ro ein gong tel. Vi ha vor tapper i kvell; vi e mest siste båt på fjorden. Kallan e leng sia kommen på lann å ligg nu pænt ved sia a kjerringan å be om fotvarm, skjemta han. — Men ka skal di stakkaran gjer så inga kjerring har? skaut han til.

— Få se ei.

— Da e lettar sagt enn gjort. — Ein kann ikkj vent at kjerringa skal dett opp i fange på ein. Men da e vel såleis du vel ha da. Ho såg atter ertande på han og lo så hjarteleg godt. —

— Da va nok best om ein kunn få da såleis, svara han. Det tok til å bruse så stort der inne. Det var mest likt til ho sat der og hadde han til narr, fordi han var så lite for seg. Han Johan i Vika var nok anna til kar, skulde ein tru det han sjølv skrytte av. — — —

Enn om han viste henne, at han heller ikkje var så reint til å spøke med, når det bar til?

— – Du e vel bra våt i kjoksan din? spurde han då han hadde sylt opp juksene og teke lanterna ned.