Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/41

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

sjå på henne alt i eitt. Og han levde så med i hennar prat og leven, at han gløymde stundom å passe juksene. Sputen reinska drallen gong på gong. Då kunde ho le så ertande mot han: — Pass de. Lat aldri kvinnfolkan heft de bort.

— Men dess meir ho erta han, dess meir oppsett vart han på og kome henne nærare inn på livet. — — —

Det var så han snautt kunde halde seg frå og stige fram til henne. Han kjende seg så ør og vill som han aldri hadde gjort. Det var godt han sat slik, at ikkje lykteskinet fall på andletet, eller hadde ho vel merka noko på han. Og det var så rart — han skjemtest igrunnen. Han var så uvant med den kjenslebranden som no tok til å loge opp, og som han lite vann styre. — — — —

Dei dreiv og smårak utetter fjorden, unna straumen og landvindsgråen. Timane kom og gjekk umerkande fort. Det leid alt over midnatt. Båten tok til å ligge tungt i sjøen, visst midt oppe i ripbordet, så vidt han Kristian kunde skjøne. Det var visst ikkje verdt dei pinte sputen lenger no. Han vart så lei og larven; låg berre og stal og hogg bort-i drallen av og til, utan å bli fast.

— E mein vi tek tel å kar oss i lann. Vi har eit godt tøygjand. Ka mein du? spurde han og glytte fram på henne.

Ho sat som ei hulder fram-i båten — eller