Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/36

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


— Skjemmes du a lage? spurde ho ertande.

— Nei, men e vild skån de frå å bli utstøytt a ungdomsforeninga å de helliges samfunn, svara han. — Du veit vel kem du e ilag me?

E trur da. Ho såg att på han og lo. Det var neimen ikkje greitt å bli klok på henne.

Det kom ein båt drivande heilt inn på dei. Og då han Kristian såg at det var han Johan i Vika og han Edvart Larsa, var han ikkje i tvil om at det var med vilje gjort. Dei stirde rett som det var fram under lykteskinet; det var nok om å gjere å få greie på kven han hadde sittande på framtofta.

Ho hadde drege tørklædet lenger framover panna, så det ikkje skulde vere så lett å få kjensel på henne.

Altså likevel redd, tenkte han. Men no skulde ho få den herdselen ho vilde ha. Han rørte ikkje ei år for å tøygje unna. Vilde ho bort frå desse karane, kunde ho sjølv gjere det. Ho sat no der med årane.

Men ho vilde vel helst vere så nær Vikaprinsen som muleg. Han hadde ifjor sjølv gått ute i Lofoten og skrytt av, at ho var så forhippen etter han. Ho hadde jamvel kome ombord i båthuset til han. — — —

Det var nett som han endå såg den feite smilen til Vikaprinsen då han fortalde dette.

Men han Johan i Vika var kar som kunde snu seg. Han skulde no vere vald til næstformann