Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/35

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


— Ho Magnhild var ju med på møta no. Og det var helst truleg at ho var einig med mor si og dei andre foreningskvinnene i, at Mogluntan’ var det ikkje råd med. Dei laut segle beinvegen til avgrunns, — slik som det vistnok var av Gud herren fastsett. — — —

Han prøvde å arbeide seg opp i tross og sinne mot dei hug-mjuke minne, slik at han av fullt hjarta kunde gle’ seg til dei herlege kveldane som no stod føre. Men det vilde ikkje rett lykkast.

Gong på gong steig biletet av ho Magnhild i Kleiva framfor han. Og han syntest hennar auga vor så sorgtunge, at han fekk vondt samvet. Han kjende slett ikkje lenger noko glede ved tanken på samværet med ho Maria. Ja, det vore nok best om han kunde sleppe det. — —

– – – – Han måtte tenkje på han Johan, som det sagdest no hadde sin gang inne i Kleiva, og han måtte banne høgt, før han kunde få fred for dei tærande tankane, som gamle minne hadde vakt. — — —

Næste kveld låg han på fjorden ilag med ho Maria. Han laga det såleis at dei vart liggande utanom tettaste båtslaia, liksom for seg sjølv. Det vart vel tidleg nok bisn når folk fekk sjå kven han hadde til andøvar. Han passa difor på og be henne tøygje litt unna, når einkvan båten dreiv inn på dei.