Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/37

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

i den kristelege ungdomsforeningen. Og der dyrka dei han som ein liten gud. — —

Med’ han Kristian sat og tenkte på dette får han høyre eit plask; ho Maria hadde lagt åra til skrås på sjøen og drevsa til, så spruten stod han Johan midt opp i syna. — — — — Ka e da slags storsput du har frami båten? spurde han Johan i Vika. — —

— Da e vesst ein så ha slopp før de, flirte han Kristian Moa.

Men Vikaprinsen var nok ikkje den som vart svar skyldig. Han sa så høgt det kunde høyrest på mange båtar:

— Nå, da e slekt mannskap Moglunten skal mann’ nybåten me. Velbekom!

Det vart kniv og lått rundt kringom.

Endå eit spik vilde Vikaprinsen gjere Moglunten; i det same dei tøygde framom krøkte han Johan ein krok i framstamnen på båten hans Kristian. Og så til å ro villt bort etter fjorden.

Han Kristian passa juksene og ansa ingen ting før båten var i full fart. Han hespa inn juksene og sette seg til å lage nytt agn på drallen. — Da e ikkj allti ein får slik skyss for ingen ting, sa han høgt og flirte likesælt.

Ho Maria hadde lagt inn årane og sat der overgjeven. Han kunde sjå at ho likte seg ikkje. Ho kneip leppene hardt i hop, og auga stirde stivt att på han. Mest som ho vilde