Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/32

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Men når ho sjølv og foreldra vilde det, så måtte han vere ein stor tosk om han sa nei. Vilde ein ha noko av livet. fekk ein ta det — eller i allfall ta imot når det baud seg fram. – Elles vart ein snytt for alt. Og han var ikkje tenkt på å la seg snyte.

Det brusa så sterkt og stort i han, då han gjekk heim etter. Han gjekk verkeleg og småplystra ut mot stjernehimlen. Så mange stjerner hadde han ikkje set på lenge. Og slik som dei lyste!

Dei blinka og skein og lyste som levande auga. — — — Kvi pokker’n gjekk ein og sytte og sørgde når det var slik livsens rikdom rundt ikring, og slik moro å leve! — — — —

Han stansa ved eit steingjerde under lia. Det var for tidleg å gå inn og legge seg ein slik kveld — og med slik brand i blodet.

Så sette han seg ned på gjerdet. Dingla med føtene og let kjenslene bere han, ut og bort gjenom alle blånar.

Han kom til å sjå tilsides; på steinane som låg der. — Han hadde sete her ein gong før — for omlag 3 år sidan, då han første gongen skulde seie farvel med fjorden, på tur til Lofoten.

Minna tok til å tale. Han vart så alvorleg. så høgtidstemt og still. Ho Magnhild hadde følgt han hit. Kor det hadde bore til visste