Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/33

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

han ikkje. Var det berre eit tilfelle at ho stod utanfor bislaget då han kom ut frå han Jonas Jensa, der han hadde vore og fått kaffe ilag med hitt manskapet, etter at dei var ferdige med innskipinga?

Ho snakka visst om at ho skulde ut til Bakken, til ho Maria. Men ho gjekk lenger. Ho tala lite, slik som ho alltid gjorde. Trippa så lett og stillt ved sida i luggar. — — —

Dei hadde sett seg her på gjerdet. Ho hadde bede han skrive litt frå Lofoten, og fortelle korleis det gjekk. For det vart langsamt no når han reiste. Det kom ikkje til å bli det liv i leiken som det var ifjor.

Så hadde ho med store og draumtunge auga stirt ut og opp mot himlen, der nordlyset og stjernene skimra og skein. Ho hadde vist han si stjerne. Ho var ikkje stor, men ho lyste slik som inga anna. Ho lyste tvert inn gjenom både vinduet og gardinet.

Det var mest solvarme i denne stjerna. Ho hadde sikkert ein gong vore ei sol. Men så var ho blitt utstøytt. Einkvan vond engel badde vel snakka vondt om henne. Men Gud vilde visseleg snart sjå, at ho var uskyldig. Og så vilde ho bli sett inn på sol-plassen sin att. — — – – – – –

Han mintest enno kor rolegt og stillt alt vart medan ho Magnhild sat der og tala, med tørklædet halvt framover panna. Det seig slik