Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/31

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

så hadde ikkje han noko råd. Kallen syntest kome ut av lag ved tanken på, at der var nokon som ikkje fann dotter hans god nok.

Han Kristian Moa vart litt brydd. Sjølvsagt kunde han ikkje ønskje seg betre rolag, forsikra han. Og på ein måte var han storfornøgd med dette nye rolaget. Det var nok mange gutar i bygda som hadde ønskt seg det som han no kom dettande opp-i. For ho Maria på Bakken var både vakker og tidig. Det hadde ho alltid vore. Og no hadde ho vore i byen ei tid og fått slik sving og sveis på seg. Ho kunde gjere ein mann galen, slik at han gløymde seg.

Det gjekk heitt gjenom han Kristian då han såg kor ho sette seg — med eine foten ovanpå den andre, og med skjørtet heilt oppå knea. Han var så uvant med slikt. Han hadde knapt vore ilag med gjenter på år og dag. Han hadde havt anna å leve for. Det tok han difor så underleg dette, at han fekk seg ikkje til å prate. Han sat og såg til sides, ut mot vinduet. Og avgjorde i ein fart rolaget. Gjekk så ut – i bleike og blåe oktoberkvelden. Det kjølte så godt herute. Han var så varm. Det skulde bli gilde kveldar på fjorden no utetter!

Visst kom folk til å gjere store auga. Han visste så altfor vel, at det med ein gong kom til å gå bygda rundt, at ho Maria på Bakken låg på sputfjorden i lange, mørke kveldar ilag med han, Moglunten. Det vart noko å undrast på og prate om, det!