Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/26

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Men han knytte nevane og tvinga seg hard. Folk vilde berre le til han, om han synte seg såleis.

Og han reddast for, at det kunde gjere han veik. Det var einast den vinter-frosne fliren som kunde hjelpe han; som kunde gjere han sterk og stor nok til å vinne over denne vrange og vonde verda. — — — — — — — —

Han sette hendene hardt i lomma og flirte ut mot skorne haustkvelden. — Dei skulde ikkje bli kvitt han så snart. Han fekk no i allfall vere her så lenge, at han kunde få vere med å feste Vikaprinsen sitt bryllaup!

— Det var med hardt andlet og faste steg han trødde ned frå hamaren. Han var ikkje ferdig her enno. Det skulde dei få vite. — — Det var reint merkeleg slik urimeleg lyst ein fekk til å leve, når det hardast braut fram for stammen. Kunde han endå få det retteleg til å ryke opp. Og det måtte då vere råd til det, om ein stelte seg rett. — — — — — — —