Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/27

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

III.


Det var liv og rørsle i bygda då det ein dagen spurdest at sputen[1] endeleg var komen. Han hadde drygt så lenge i år, at karane tok til å frykte for at han hadde gjort svenske av seg.

Men han var berre litt forhefta. No var han komen, og det både stor og feit — som venteleg var, så seint på året.

Kvar karen som åtte båtskapels og ikkje var altfor krøkjen og kald, måtte på fjorden. Det galdt å få seg lofotagn. For ein gjorde lite i Lofoten utan agn. Det åt seg elles opp. Ein kunde då likso godt ligge heime. Det hadde ein tydeleg nok set den tid det ingen sput var.

Sputen var elles god å ha om ein ikkje trong lofotagn. Ein stod ikkje fast hos han Per, når ein hadde sputgor. Han tok meir enn gjerne imot det. Han skulde tene storveges til pengar ifjor på sputgorhandelen. Rett kor mykje var det ikkje mange som visste. Men småtteri var det nok ikkje. Han hadde gamalfembøringen søkklasta. Og det vart ein pris folk

ikkje kunde minnest.

  1. Sput — blekksprut. Også kalla akkar.