Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/25

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

der og let fjord og fjell, skog og myrvidd tale.

— — — Var det ikkje just her hans livsens leikar-voll låg, som det var eit liv verdt å stridast om?

Han levde då berre denne eine gongen. Var det då meining i å øyde si kraft i striden derute, der han inkj merke kunde sette etter seg. Var det ikkje nett her han hadde sin vesle song å synge, før tonen mot kvelden tagna og leiken ikkje lenger kunde vare. Og var det ikkje å gjere for stor ære på stakarsdomen, dersom han no rømde frå fliren og motbøren? spurde han seg sjøl. — — —

Hans syn søkte innetter bygda, heilt til inste garden, til Kleiva. Han hadde lyst til å vite om det var sant som det sagdest, at han Johan i Vika gjekk derinne og smeiska for ho Magnhild. Og han skulde bli så vel motteken, Jyddest det.

Noja, anna kunde ein heller ikkje vente, når Vikaprinsen heldt seg fram. — — — — — —

Men kva pokker’n bryr eg meg om det! — Han Kristian Moa hadde reist seg. Og han freista flire ut mot heile bygda. Men han fekk det liksom ikke til. Han måtte til og småplystre, så han kunde faa svelgt den tugga som sat så stor nedi halsen, at ho mest vilde kjøve han. Det var slik ein song og sus av varm vår derinne; av snøløysing og velsigna mildt vårregn, av tunge dropar som fritt vilde falle. — — —