Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/112

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

e tomt åt eit hus ne me bjørken. — Ja, fin tomt..

— E reis til Ranen ette stutømre nå e kjem av Finnmarka.

Han vaks der han sat. Og auga søkte varme utover deira framtidsverd.

Det vilde bli gildt å sjå det lyse grønt her ute når han etter lange utferdene kom seglande inn fjorden. Og på trappa vilde ho stå og by han velkomen heim til huset. — — — Det glødde og brusa stort gjenom all hans heite hug! Han spratt opp, tok henne på armane sine og svinga henne rundt. — Du e så galen å sterk, sa ho og pusta ut, sæl og forskræmd.

— Ja, e kjenn me bra nu. Han såg frå henne nedpå skøyta; dei høyrde ihop, dei to. Han kjøpte skøyta same kvelden han fekk vite, at det var von om ho vilde ha han.

Og det trudde han, at med slik båt og slikt mannskap, sku’ det ikkje bli lett å stanse han. No kunde vinterbåra rulle så bratt og brå ho vilde; han skulde stige henne med ein smil på leppa.

Det var rart kor ein kunde forrekne seg. Han hadde før alltid meint, at han var sterkast med den frosne fliren. Men det var løgn. No då det song av vår i han og han kunde le så lett og mildt til alt, då kjende han seg tvifald sterkare. Han trudde mest han kunde ta sjølve fjella på akslene. — — —

Det bar heimetter vegane som to lykkelege