Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/111

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

vore på å kaste seg bort. Og hennar hug vart så varm og takksam. Ho såg ut mot kveldhimlen liksom bedande.

— Førtelt ho Maria nokka om se sjøl?

— E vesst da før. Han Johan sytt før at all fekk vet da, å at da va e så ha gjort da. Å då veit du e mått tru da, om e vesst me aller sa uskyldi. —

Han tok atter til å skjemte. Ho syntest ikkje ein skulde ta slikt så lett.

— Du veit e treng mannskap på skjøyta, å nå di så vild gje me ein kar, mått e vel takk til å ver gla.

— Du va slett ikkj gla, heldt ho fram.

— E va kanskje ikkj da, si da ikkj va me den rette. — — —

Ho gøymde hovudet inn ved barmen hans og lo blyg.

— Veit du at e va tenkt å sei fjorden farvel før godt, sa han om ei stund.

— Du og? — Ja, her kulsa så kaldt. E va redd e fraus tel. Men så fekk e vet at her skjein slik ei varm vårsol inn mella fjellan, å nu tenkj e vi slår oss ne her. Han snudde andletet hennar mot seg, slik at han kunde sjå inni hennar store, blådæmde auga. —

— Ja nu slår vi oss til her.

— Da e fint her ut? prøvde han seg fram.

— Ja, å så stillt og fredeli. Ho såg med slørte auga utover rabbane og store myrane. — Dar