Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/113

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

bonn. Inn på storvegen møtte dei ein flokk ungdom. Gluntan’ hadde visst teke seg ein heimkome-dram; dei var lystige og glade og smådansa bort på vegen. Dei måtte få røre på seg no, etter ein lang vinter i tronge bua og små båtar. Ein kar gjekk midt inne i flokken og spela på munnspel og trødde takten.

Han Kristian såg på ho Magnhild. Ho skjøna han vilde vite om ho utan å skjemmest torde syne seg ilag med han. Då gjorde ho det han ikkje hadde venta: Ho smette armen sin inni hans, og trødde så i fast takt med han framom både Vikaprinsen og dei hine karane. Det var ein som sa høgt til han Johan: — Dar møst du eit godt rolag. Dei kunde ikkje høyre kva Vikaprinsen svara.

— Monamne e ikkj lett å ber, sa han. — Du ha vel ikkj tikj de vatn over haue? Ho såg på han:

— Vi grei da nok; vi e ong å sterk begge.

Han såg takksamt på henne. Og vilde så i si store glede atter svinge henne rundt. Men ho smatt unna. — Da e då mett på vegen.

Dei stod ved Kleiv-huset. Ho tok i låset og kjende om døra var læst. — E lyt vel pakk me inn. Da e vesst på ti nu.

Han tok leande til å løyse på skoreimane sine. Han vilde vere med inn. – Nu kann e smett di. Han såg oppå henne, der ho stod og fingra med låset. Det låg heit trå i auga hans. Ho