Side:En Fyrstikke.djvu/18

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
Noregs Dag.

Sjaa, no er det Dag, og no er det Tid,
 og Dagen er Noregs Dag.
No trengst det, at kvar den Neve, her bid,
 kjem med i vaart Yrke-Lag.
For no er det just, at Noreg hev Vaar,
og no er det Stund, vaar Aaker me saar
og rydjer os ny med Grev og med Plog
 i Livd utav Fjell og Skog.

Me rota og grov — det vanta kje paa —
 so tidt i vaart Noregs Grunn.
Men ofta so reint me gløymde aa saa;
 og Hausten vart helder tunn.
For Tistel her vaks, og Brennegras vaks,
—og gjerna det so vart minder med Aks.
Men no lyt me til, som Grunnen er verd,
 aa onna paa annar Gjerd.

Me hegnar vaar Heim mot Hât og mot Hogg,
 so saar me med Daad og Ord.
Og Himlen gjev Sol, og Himlen gjev Dogg,
 og Livet i Noreg gror.
Og Vaar skal her gro mot Sumaren inn,
og Truskap skal gro i Hjarta og Sinn!
Og so er det Von, at Noreg det faar
 seg eingong eit fagna Aar.