Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/92

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
— 84 —

Loke:
1.
„Seg meg, du Elde,
fyrr eit einaste
fet du gjeng fram,
kva her inne
til ølskjemt dei hev,
sigtiva-sønir.“

Elde kvad:
2.
„Um vaapn dei talar
og vaagalle tak,
sigtiva-sønir;
av æsir og alvar
som inne her er
ingin i ord er deg ven.“

Loke kvad:
3.
„Inn eg gjeng
i Æge si hall
og gjev paa gilde gaum;
eg skal antrast
med aasa-sonom
og blande deim mjøden
med mein.“

Elde kvad:
4.
„Um inn du gjeng
i Æge si hall
og gjev paa gilde gaum,
og du hædings-ord hiv
paa holle gudar,
alt turkar dei av att paa deg.“
 
Loke kvad:
5.
„Veit du, Elde,
um i einvig me tvo
med hard-ord hoggast skal,
eg meisteren din
i motsvarom vert,
um du deg vaagar for vidt.“

Loke gjekk so inn i halli. Men daa dei som fyrr var der saag kven som inn var komin, tagna dei alle.

Loke kvad:
6.
„Tyrst eg hit
til halli no kom,
Lopt, langan veg,
til æsir aa beda
um dei unne vil meg
ein drykk av den mæte mjød.