Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/91

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

83 4. Olve var vidfarin. I ungdomen hadde han vori ute paa viking. Daa han kom til kong Harald, vart han med til Trond heim og var der vinteren 870-871. Sidan fylgde han vel med til Havrsfiorden, og daa Harald gjorde ferdi si til vesterøyane og heilt til Man, var vel ogso Olve med. Baade av angelsaksar og keltar kunde han der suge mangt til vokster-auke. Angelsaksane hadde ymis dikt ning i ljodahaatt-vers (same versemaal som i Skirnesmaal), som det vel kunde vera sumt aa lære av, og derifraa kunde han ha teki upp ymse ord ogso. Hjaa keltane 1) paa Irland og vesterøyane var det mange sogur som sveiv, derav sume med meir eller mindre upphav fraa latinske bøkar. Der kunde nok Olve ha raaka til aa faa høyre fortalt um huldri som synte seg for kongssonen, utan at andre saag ho, og bad han fylgje seg, med di ho kasta eit eple til han. Eller um Hermokares som huglagde Ktesylla, daa han saag ho danse ved ein fest, og som skreiv paa eit eple: eg sver ved Artemis aa gifte meg med Hermokares", og kasta so eple inn i tempele til ho, so ho kom til aa lesa skriiti høgt og vart bundi. Eller um Hippomenes som fekk slik ein brennhug til Atalanta, men ho vilde inkje hava han. Livsfaarlegt er det aa koma dit som ho er, men han fæler inkj?. Tri gulleple som Afrodite hev gjevi honom kastar han og stoggar ho med. Og daa møtest dei endeleg ved eit tempel i ein løynleg lund. (Sjaa S. Bugge: .Iduns æbler" i Ark. for n. fil. 1889). Daa Olve kom heim att til Norig, vart han med kong Harald paa ferdi til Nordland i 873. Det gavst vel i han, daa han kom upp i trollheimen der i Gyme sitt rike (,have) Der var nok aa sjaa av trihovda jøtnar og steingjengne gygrar i fjelli; i fjorden Grimen torde vel ein Rimgrimne bu. Og segnir um risar og fagre møyar laag alle paa munnen, bestmannen" 2) tottest ride burt etter have i sendemannsferd, berre so baara duna mot land og jordi riste I Lofoten, ytst i verdi, tottest vel MøysaleiV2 )" høveleg til aa slengje ei trassig gjente uppi. Nordljose saag han leikande paa himilen. med vinteren aldri tok ende; men so kom ogso med ein gong denne vaaren, daa alle fjell paa nokre faa dagar klæder seg til brur. Etterpaa denne reisi maatte det daa helst vera ein kunde tenkje seg at Olve hadde dikta Skirnesmaal, paa grunnlag av gamle mytar og med innsprengde drag fraa ymse kantar, med minne um si eigi kjærleiks-sogu, noko bak-um dei nye sterke hugsyni fraa naturen. ') Mykje samverknad var det millom nordmenn og keltar alt fraa det 7de aarh. Dei lærde og kveikte kvarandre. Irland var det som i lang tid bar kulturen uppe i Europa. Nytt og gamalt gjekk ihop. Der fekk skaldane vaare ei bru yvir til den klassiske bokheimen. a) Namn paa fjell i Nordland.