Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/93

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

 
7.
„De tegjer so traatt,
treiske gudar!
Magtar de inkje aa mæle?
Meg sess og sæte
de stelle i gilde,
eller vintervegen meg vis.“

Brage kvad:
8.
„Deg sess og sæte
stelle ved gilde
aldri gjer æsir det;
vel dei det veit
kven vera her skal
i hævt gilde gjest.“

Loke kvad :
9.
„Minnest du, Odin,
i upphavs tidir,
daa blod me blanda saman.
Øl du smaka
aldri skulde
utan det oss baae vart bodi.“
 
Odin kvad:
10.
„Ris du, Vidar!
lat varge-far sitja
gjest ved gilde-bord,
so slengje-stev inkje
sneide oss skal
her i Æges hall.“

Daa stod Vidar upp og skjenkte Loke; men fyrr han drakk, helsa han æsine: <poem> 11. „Heile, æsir! heile, aasynjur! og alle høg-heilage gudar! utan den eine som innar[1] der sit, Brage, paa benken sin.“

Brage kvad:

12. „Av eigni mi gjev eg øyk og sverd deg, og ein ring endaa Brage bøter: at du inkje aasom di ovund syner; arge deim inkje aat deg.“

Loke kvad:

13. „For slike slag du snaud plar vera som øykir og armringar; av alle æsir som inne her er, du er i vig[2] varast og skjerrast[3] for skot.“

Brage kvad:

14. „Var eg utanfor Æges-halli so nær deg som no: hovude ditt eg i handi mi bar;

daa læta[4] du fekk for di lygn.“

  1. Innar, lenger inn.
  2. Vig, strid.
  3. Skjerr, rædd.
  4. Læta, litgerand, namne.