Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/90

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

82 diktar kvæde, er dette ei gomol sogu; han veit no at ein kjem inkje langt med graat og ille laat; ein maa inkje gjeva seg yvir; magt og manndom, og galdring med, vil det til, skal ein vinne ei byrg møy. I sendemannsferd kunde ein gjerne tru at han sjølv hadde fari, der det galdt um aa vera baade djerv og ordhag. Med storlynde folk hev han fulla havt umgang, ein av dei fremste hev han vori i si tid, og baade vellærd og vid farin. Av Trymskvæde hev han lært mykje, men elles lyt han ha havt læremeisterar andre stadir og, og daa helst i utlande; dei mjuke elskhugs-tonane med lengt og sut skulde kanskje helst peike til keltane. Etter ein slik mann lyt ein leite paa høgdi, og daa fyrst hjaa kong Harald Haarfagre, som nett daa samla kringum seg dei største skaldane og sette deim høgst av alle sine mennar. I hirdi var inkje andre med enn dei som var ovkarar baade i styrke og mod og allslag hævleik, segjer Snorre. Der var det at kultur-aaren var paa dette leite, med kveik fraa den eine branden til den andre, og med framstøyt og eggjing paa ymse vis, berre so det gneista og spraka. Og der er det serleg ein mann som me kjem til aa tenkje paa: skalden Olve Nuva fraa Fjordane. Fleire ting gjer det mogelegt at Olve kunde ha dikta Skirnesmaal : 1. Han var ifraa den lands-luten der kvæde helst høyrer heime. 2. Han kjende sjølv kjærleikssuti, paa same maaten som det er fortalt um Frøy, og han kvad um slike emne elles og. Egils saga fortel at Olve paa eit haustblot i Gaular (I. Holmedal), truleg aar 868. saag Solveig den fagre, dotter til jarlen Atle, og han vart hugtekin i ho. Sidan bela han, men jarlen totte det var for stor mannemun, han var inkje hæv nok. Daa dikta Olve mange elskhugs-kvæde. So tung ei sorg la han paa seg for Solveig, at han slutta med herferd. Brørane hennar tok paa han (hausten 869). vonleg for kvædi si skuld. Han laut røme, og kom til kong Harald og vart skald hjaa honom Kongen heidra Olve høgt, han vilde inkje lata han sleppe ifraa seg, for itrottine" hans si skuld. Berre gamle Audun og Torbjørn Hornklove hadde hævare sess ved kongens bord enn Olve. Av Torbjørn kjenner me ymse gilde kvæde; vonleg stod Olve inkje langt etter han l). 3. Olve var ofte send ut i sendeferd, og var ein god maalsmann for Harald. Han tala langt og snaalt, med di han var ein ordfør mann". God menneskje-kjennar laut han vera, sidan den kloke kongen trudde han til slikt. I aare 870 var han send til Kveldulv og lagde ut um at kongen var vreid, og han fekk same slag svar som Gjerd gav: nei straks, men god lovnad til sidan. ') Me kjenner elles berre tvo smaastubbar av kvædi hans fraa Snorre- edda. Det eine er um Tor og Midgards-ormen og i greidt edda-versemaal (fornyrdes-lag). er det likt til.